Me gir midlar til prosjekt som har potensial til å skape verdiar i Ryfylkeregionen

Fleire gonger i året delar Ryfylkefondet ut midlar som skal gå til utviklingstiltak for å sikra og auka busetting og trivsel i Ryfylke.

Foto: Statkraft

Om Ryfylkefondet

Ryfylkefondet sin hovudfunksjon er å støtte tiltak i Ryfylke som har til hensikt å styrkja infrastruktur, busetjing og utvikling av næringslivet. Midlane inn til fondet kjem frå kraftkommunanae i Ryfylke – Suldal, Hjelmeland, Sauda og Strand, samt Rogaland fylkeskommune.

Dette støttar me

Ostasteidn rasteplass ved Sandfjordbrua i ved Suldalsfjorden, rett etter Sandfjordsbrua
Foto: Jan Nordtveit

Infrastruktur

Me stiller med kapital til infrastruktur som vil bidra til å fremja stadsutvikling.

Foto: Shutterstock

Næringsutvikling

Me gir midlar til prosjekt som har potensial til å skape verdiar i Ryfylkeregionen. 
Foto: Shutterstock

Andre formål som skapar bulyst

Me gir tilskot til festivalar og arrangement som bidreg til å auka bulyst i Ryfylke

Verdiskaping sidan 1986

I snart 40 år har Ryfylkefondet støtta prosjekt som har satt verdifulle fotavtrykk i regionen vår. Dei siste tre åra har Ryfylkefondet bidrege med:

Fondets samla kapital (pr. 31.12.23 ) er:

125 millionar

Søknad til Ryfylkefondet

Ryfylkefondet tar i mot søknader heile året. Normalt fire ganger i året. Unntak er søknadar til kulturtiltak som blir behandla ein gang i året. Neste behandling for kulturtiltak er i mars 2024. Dette blir annonsert i lokalavisene i Ryfylke.

Mindre søknadsbeløp kan tildelast utan styrebehandling. Dagleg leiar har fullmakt til å gi løyvingar på inntil kr. 30.000. Dette er løyvingar som i hovudsak går som støtte til organisasjonar og enkeltpersonar innanfor kultursværen og til idelle føremål av ymse slag. 

Kriterium som blir vektlagde:

  • Ei god skildring av tiltaket det blir søkt midlar til
  • Budsjett og finansieringsplan
  • Opplysningar om søkjaren

Vil du søkja?

Kommunar, organisasjonar og verksemder enkeltvis eller i saman kan søkja om midlar.
Retningslinjer for tildeling

Søknad sendes til

Emnefeltet merkes søknad og navn på søker
geir.ims@ryfylkefondet.no

Har du mottatt midlar frå Ryfylkefondet?

Har prosjektet ditt har motteke midlar frå Ryfylkefondet skal det krediterast, anten med tekst, logo eller begge delar, i omtale av prosjektet. Her kan du laste ned logoen. 
Last ned logo
foto1
Foto: Geir Daasvatn

Historien om Ryfylkefondet

NordEuropas største vasskraftanlegg, UllaFørre, vart bygd på 1970-80talet. Då var det to framsynte ordførarar i Suldal og Hjelmeland som meinte at meir av konsesjons-kraftmidlane frå vasskraftverket burde koma Ryfylkeregionen direkte til gode ved at Rogaland fylkeskommune også deltok. Det vart bestemt at 10 % av kraftinntektene skulle plasserast i eit eige fond – og styrt av eit eige fondsstyre.

Etablering av fondet

Fondet vart etablert i 1986 med fylkeskommunen som eineinnskytar. Seinare er dette endra fleire gonger. Først ved at Suldal, Hjelmeland og Forsand kommune gjekk inn som innskytarar i fondet, og at Lyseområdet også skulle takast med som «nedslagsfelt» for konsesjonskrafta.

I 2013 vart Sauda også ein innskytar i fondet, og likeså konsesjonskraftmidlar frå kraftanlegg i Sauda. Etter kommunesamanslåing mellom Forsand og Sandnes kommune i 2020 gjekk Forsand ut av fondet. I 2021 vart Ryfylkefondet kommunalt oppgåvefelleskap etablert – ein eigen juridisk eining med Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand kommune saman med Rogaland fylkeskommune.

Fondets kapital 

Det er først og fremst kraftprisane som styrer kor mykje fondet få tilført kvart år. Ved årsskiftet til 2024 disponerer Ryfylkefondet ein samla kapital på 125 mill. Årleg inntekt for fondet var 61 mill. i 2022 og 43 millionar i 2023

Det er viktig å gjera merksam på at fondet ikkje er finansiell deltakar i enkeltføretak i næringslivet. Fondet går heller ikkje inn med midlar til det ein kallar kommunane sitt primærføremål.
Foto: Jan Nordtveit

Kontakt

For meir kontat eller veiledning, ta kontakt med dagleg leiar i Ryfylkefondet:

 Geir Ims:
 geir.ims@ryfylkefondet.no

Forstanderskapet 2024

Forstanderskapet er Ryfylkefondets øvste organ og skal sjå til at fondet verkar etter formål, i samsvar med lov og vedtekter. Forstanderskapet behandlar alle søknader og består av fylkesordføraren og innskytarkommunane sine ordførarar:
Foto: Janne Kvanåli
Håvard Handeland
Ordførar i Sauda kommune og leiar
Foto: Bjørkhaug AS
Anita Husøy Riskedal
Ordførar i Hjelmeland kommune og nestleiar
Foto: Strand kommune
Irene Heng Lauvsnes
Ordførar i Strand kommune
Foto: Suldal kommune 
Mads Drange
Ordførar i Suldal kommune
Foto: Rogaland fylkeskommune
Ole Ueland
Fylkesordførar i Rogaland fylkeskommune